søndag 16. mars 2014

Om litt er kaffen klar...


Eg er langt frå nokon barista, men det vil likevel ikkje seie at eg ikkje kan ha glede av å lage meg ein kopp kaffe. For eit par år sidan kjøpte vi oss ei ganske fin kaffemaskin, ei ECM-maskin (frå Heidelberg, ein svært vakker by i Tyskland - har faktisk vore der) då vi var på besøk hos ein ven i Kristiansand. Lillian heiter dama som selde oss den forresten... Ikkje spesielt relevant for historia, eller det dette innlegget eigentleg skulle handle om, men eg er jo, som kjent for dei som kjenner meg, veldig glad i detaljar...

I byrjinga var det mannen min som var ivrigast, og han vart etterkvart ganske så dreven i dette med kaffilaging. YouTube-videoar har vorte studert og mange espressoar har havna i vasken på vegen mot den ultimate smaken. Til dei som ikkje har prøvd å lage kaffe på denne måten, kan eg fortelje at dette er ein vitenskap og ein kunst. Det er ikkje så rart at det finst baristakonkurransar for å seie det slik!

Det er mange x-ar og y-ar involvert i kaffebrygging! Ulike typer bønner må kvernast på ulik kverningsgrad - meir eller mindre finkverna altså - tampinga er avgjerande - ikkje for hardt og ikkje for svakt - til og med veret spelar inn! Det er garantert fleire ting som er viktig, men dette var nokre av dei. Eg er som sagt ingen ekspert. Dersom ein tabbar seg ut på nokre av dei nemnde utfordringane, vil vatnet vere i kontakt med "kaffien" enten for kort eller for lenge. Ekspertane er litt ueinige om kor mange sekund det skal ta å lage ein espresso, men 10 sekund er i alle for kort! Eg er fornøgd når det byrjar å renne etter ca 5 sekund. Dersom det berre dryp og kaffien som kjem ut er veldig mørk, då er det ikkje bra. Då har eg tampa for hardt. Men når det kjem ein ganske jamn stråle og væska som samlar seg i begeret er lysebrunt og kremaktig, då kjenner eg gleda over å ha lukkast bre seg i kroppen, for å overdrive litt...

Ein ting eg ikkje har nemnd til no, er at det er forskjell på å bruke ein "einarma bajonett" og ein toarma. Når eg berre skal lage kaffe til meg sjølv, bruker eg sjølvsagt den einarma. På det punktet er eg faktisk litt modigare enn mannen min, for han tek ofte ikkje sjansen på å bruke den, sidan det er litt vanskelegare, i alle fall når ein er van med å bruke den andre. Han lagar jo stort sett kaffe til oss begge, eller drikk to koppar når han er åleine. Eg lagar kaffe oftast til meg sjølv, i alle fall no som eg har vore heime i permisjon (fekk nummer to i juli i fjor), og for meg er det nok med ein kopp. Ergo har eg også meir trening med singelbrygging (eit nytt ord?). Sidan eg er sunnmøring, er det sjølvsagt uaktuelt å kaste ein espresso. Det er jo ikkje akkurat gratis med bønner, i alle fall ikkje når ein kjøper dei hos spesialforretningar (som vi kostar på oss å gjere, til tross for min nemnde geografiske bakgrunn).

No er innleiinga (som eg eigentleg ikkje hadde planlagt skulle bli så lang, eventuelt ikkje hadde planlagt skulle eksistere i det heile tatt - sidan eg strengt tatt berre hadde tenkt å legge ut nokre bilete av prosessen) endeleg ferdig...


Dagens bønner


Kverning på kverningsgrad 7


Tamping


1, 2, 3, 4 og ...5?


Jippi!


Resultat: Ein slags Americano med litt melk, fin til frokosten


Dette går i søpla! 
Har ikkje fått oss dunkeboks enno, men fann ut at denne delen av ein kassert telysestake kunne gjere nytta så lenge... ;-)

Vurderer å kjøpe denne:

Motta dunkeboks - liten

Motta dunkeboks frå Tea & Coffee Shop, forøvrig der vi kjøpte kaffimaskina

Dett var dett! No er kaffien for lengst drukken, og nytt, av ein fornøgd amatørbarista. :-)