![]() |
FOTO: DAG W. GRUNDSETH, http://www.aftenposten.no/nyheter/sport/skivm/article4042099.ece |
Når eg først skriv litt om VM, kan eg likså godt skrive litt meir. (No helsar damene på kongen, dronninga, kronprins Håkon, kronprinsesse Mette Marit og dei andre kongelege. Til og med dronning Margrethe var der!) Jau, det eg tenkte eg skulle kommentere, var blomebukettane vinnarane får. Kva synest du om dei? Eg synest dei er originale, kreative, litt kule, litt vulgære og litt rare. Kult: Den oransje strikkemansjetten. Vulgært: Dei store konglene. Rart: Klementinane. Sett under eitt er dei både originale og kreative, så eg skal ikkje dømme dei nord og ned. Ein får heller berømme henne som står bak idéen, som torer å tenkje litt annleis.
![]() |
Jill Gjerdevik Lepsøe lagar blomsterdekorasjonane og seremoni-bukettar til ski-VM.. Foto: Karl Braanaas |
Granbar til VM-heltane
No startar forresten kampen mellom Mads "Northug" Ousdal og ein svenske som har levd som Marcus Hellner i sju veker. Mads Ousdal har prøvd å vere Northug like lenge, og no skal det avgjerast kven som har lukkast best med treninga si. Eg synest dette var ein morosam idé, å lage gull av gråstein, som kommentatorane akkurat sa. Etter 9 min og 17 sekund er det Mads som "knuser" svensken, Erik heiter han visst. Go Norway!
![]() |
Erik og Mads |
![]() |
"Det er ikkje snakk om å tape mot Norge", sa Erik Segerstedt før løpet. Han deltok forøvrig i Sverige sin versjon av Idol i 2006 og vart då kalla “Snygg-Erik”. |
Elles har eg lagt merke til at ordet "grille" blir brukt ein del i VM. Den eine skiløparen etter den andre blir grilla oppover Hellnerbakken, eller Ousdalbakken som dei ville kalle han no. Stakkars folk!
Har forøvrig aldri sett så mykje på VM før, eg. Det er ikkje så rart. Byrjar å bli litt lei faktisk, men eg skal sjølvsagt få med meg 50- og 30-kilometeren. Kvinnestafetten i dag vart nesten litt kjedeleg. "Vi" var rett og slett for gode... Men skal sjølvsagt ikkje klage. Det er berre litt meir sus over det når ein ser to idrettsutøvarar kjempe side om side, stake for livet, kjempande med "surmelk" i beina, medan vi som ser på held pusten, kjenner hjartet dunke hardt og innsida av hendene bli klamme - før vi utmatta av spenning og jublande glede kastar oss på golvet i stova vår eller hoppar i veret dersom vi er så heldige å vere der det skjer, samtidig som heltane våre stuper ned på bakken, hiv etter pusten og høyrer bruset frå tribunene. Då kjenner dei at det er verdt det! All treninga, forsakinga og smerta. Leve sporten, Norge og monarkiet! (Der fekk eg slått eit slag for kongehuset også!)
![]() |
Eg synest skikongen er ganske pen, eg. |
![]() |
http://www.aftenposten.no/nyheter/kongelige/article4006998.ece |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar