tirsdag 8. mars 2011

Gratulerer med dagen!

I dag er det 8. mars - så gratulerer med dagen, damer!

Eg har ikkje tenkt å reflektere eller klage over det faktum at vi framleis har ein kvinnedag, men berre godta at det er slik. Så kan vi glede oss over at vi er kvinner med alt det flotte det inneber! Eg må innrømme at eg til tider har ønska å vere mann. Når eg tenkjer meg om stemmer ikkje "til tider" heilt. Det var vel helst då eg var jente og kanskje tidleg i tenåra. Det verka liksom så enkelt å vere gut. Det var til dømes ikkje så farleg om ein hadde kviser. For meg, som var jente OG hadde kviser, var dette VELDIG farleg, og ganske traumatisk rett og slett. Dessutan var det ikkje så mange "reglar" for gutane. Vi jenter måtte oppføre oss fint, kle oss fint, sjå bra ut, og slik er det kanskje enno, når ein har vorte vaksen, meiner eg. Noko sanning er det i det i alle fall, eller kva tenkjer du?

Eg hugsar også at eg reagerte veldig på kor grådige og egoistiske gutar kunne vere. Eit døme på dette var dei gongane eg var på ulike leirar. Då vi skulle ete, storma gutane til bordet og forsynte seg grovt, tilsynelatande utan tanke for at det skulle vere nok til alle. Dette hugsar eg veldig godt. Ein annan ting eg framleis reagerer på er den ibuande sjølvsikkerheita gutar/menn ofte har. Eg veit sjølvsagt at dette ikkje gjeld for alle, men eg tenkjer likevel at menn, med større eller mindre grunn, har god sjølvtillit. Dei snakkar med overbevisning om ting dei nødvendigvis ikkje har så stor greie på. Det irriterer meg. Grunnen til det er sjølvsagt at eg ikkje har den evna. Eg føler ofte at eg knapt meistrar nokon ting. Det er i alle fall alltid nokon som er betre enn meg. Tenk å kunne vere Marit Bjørgen eller Therese Johaug, då! Best i verda... DET hadde vore noko det! No trur du kanskje at eg meiner det. Det er vel både sant og ikkje sant. Det eg skulle ønskje eg hadde, var normalt god sjølvtillit. Ei tru på meg sjølv som ikkje var så avhengig av det eg får til til ei kvar tid, eller som vippar opp og ned etter kva eg opplever at dei rundt meg tenkjer om meg. Eg er vel neppe den einaste som kjenner det slik, men det er typisk for oss menneske, og kanskje meir for kvinner enn menn, at vi trur at alle andre fiksar alt så mykje betre enn oss. I alle fall er det slik for meg, ofte. Ikkje alltid, heldigvis.

Men, i dag er det 8. mars... Tenk så heldige vi er som får føde barn! DET får ikkje mennene oppleve. Tenk kor heldige vi er (tja) som veit kva menn skal seie lenge før dei seier det... Tenk på kor vakre vi er. Deilige, mjuke. Tenk på omsorgsevna vår, på kapasiteten. Tenk på makta vi har over menn... Tenk på alt vi forstår!

However (eit svært praktisk og godt engelsk ord), når eg prøver å tenkje på kva det er som er spesielt bra med å vere kvinne, slår det meg at det faktisk ikkje er SÅ mykje som er typisk kvinne. Vi er så ulike! Nokre er slik, andre er slik. Kva tenkjer DU er den viktigaste skilnaden mellom menn og kvinner? Skriv ein kommentar, då vel!

Medan eg ventar på innspel frå mine intelligente lesarar, skal eg ha ein fin dag der eg gler meg over at eg er kvinne! Til slutt nokre sitat om det å vere kvinne og forskjellen mellom menn og kvinner:

Alle kvinner vet at en av de vanskeligste tingene i et hjem er en mann.

Min kraft, vitalitet og frekkhet skremmer meg. Jeg er en slik kvinne jeg ville rømt fra.

Vi kvinner prater mye, men likevel sier vi bare halvparten av det vi vet.
Nancy Astor
En dame bærer ikke klær. Hun tillater klær å bli båret av henne.
Det finnes bare én ting som menn kan, som kvinner ikke kan: pisse i leirbålet.
Skjønnheten har vi kvinner for at mennene skal elske oss, dumheten for at vi skal elske mennene.
Kvinner har bedre fantasi enn menn. Det trenger de for å fortelle oss hvor fantastiske vi er.
Kun to ting er nødvendig for å holde sin hustru glad. En ting er å la henne tro hun får viljen sin, og den andre tingen er å la henne få det.
GRATULERER MED DAGEN VÅR!! Klem frå den fantastiske og eineståande kvinna på biletet under ;-)

fredag 4. mars 2011

Har du det i deg?

Har du nokon gong lurt på om du skal bli lærar, men er litt usikker på om dette yrket vil passe deg? No kan du få hjelp til å finne dette ut! GNIST er namnet på eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet, Nasjonalt råd for lærerutdanning, Skolenes landsforbund, KS, NHO, LO, Pedagogstudentene, Norsk Studentorganisasjon, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag og Norsk Skolelederforbund. På nettsidene til kampanjen deira kan du lese om læraryrket og utdanninga, og du kan ta ein ganske morsom test. Det er to strenge barn som stiller spørsmåla, og eg kan love deg at dei ikkje er til å spøke med. Lukke til med testen!
Har du det i deg?
På dei same sidene kan du også høyre kva nokre lærarar, elevar, kunnskapsministeren og ein lærarstudent svarer på ulike spørsmål i tilknytning til læraryrket.

Her er ein smakebit. Den kjende "TV-læraren" Håvard Tjora fortel kva han synest er det beste ved å vere lærar.

P.S. EG hadde det i meg - og godt er no det, sidan eg ER lærar! Ein annan gong skal eg fortelje kva som gjer at eg trivest som lærar.

torsdag 3. mars 2011

Hurra for skijentene, idretten, Norge og kongehuset!

Då vart det gull på kvinnestafetten! Må seie eg er mektig imponert over namnesystra mi, Marit Bjørgen! Ho vart historisk no, med 4 gull i eit VM. Kanskje blir det 5? Eg synest også det var kjekt at Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Vibeke Skofterud fekk gull! Det kan ikkje vere berre-berre å vere på lag med ei som vinn "rubbel og bit". Men det verkar som dei taklar det veldig bra. Eg trur at det mellom anna kan forklarast med Marit sitt vinnande vesen. Ho verkar som ei tvers gjennom god jente!



Når eg først skriv litt om VM, kan eg likså godt skrive litt meir. (No helsar damene på kongen, dronninga, kronprins Håkon, kronprinsesse Mette Marit og dei andre kongelege. Til og med dronning Margrethe var der!) Jau, det eg tenkte eg skulle kommentere, var blomebukettane vinnarane får. Kva synest du om dei? Eg synest dei er originale, kreative, litt kule, litt vulgære og litt rare. Kult: Den oransje strikkemansjetten. Vulgært: Dei store konglene. Rart: Klementinane. Sett under eitt er dei både originale og kreative, så eg skal ikkje dømme dei nord og ned. Ein får heller berømme henne som står bak idéen, som torer å tenkje litt annleis.


Jill Gjerdevik Lepsøe
Jill Gjerdevik Lepsøe lagar blomsterdekorasjonane
og seremoni-bukettar til ski-VM.. Foto: Karl Braanaas
 No når eg ser biletet, ser eg jo at dei er litt skjønne også. Kvite orkidéar er nydelege! Ja, ja. Sånn er det. Eg synest sjeldan noko er svart-kvitt eller enten-eller.


Granbar til VM-heltane

No startar forresten kampen mellom Mads "Northug" Ousdal og ein svenske som har levd som Marcus Hellner i sju veker. Mads Ousdal har prøvd å vere Northug like lenge, og no skal det avgjerast kven som har lukkast best med treninga si. Eg synest dette var ein morosam idé, å lage gull av gråstein, som kommentatorane akkurat sa. Etter 9 min og 17 sekund er det Mads som "knuser" svensken, Erik heiter han visst. Go Norway!

duell1
Erik og Mads
  
Erik Segerstedt har litt å gå på i utforkjøringene - her gikk det på ratata igjen!
"Det er ikkje snakk om å tape mot Norge", sa Erik Segerstedt før løpet.
Han deltok forøvrig i  Sverige sin versjon av Idol i 2006 og vart då kalla “Snygg-Erik”.

 Elles har eg lagt merke til at ordet "grille" blir brukt ein del i VM. Den eine skiløparen etter den andre blir grilla oppover Hellnerbakken, eller Ousdalbakken som dei ville kalle han no. Stakkars folk!

Har forøvrig aldri sett så mykje på VM før, eg. Det er ikkje så rart. Byrjar å bli litt lei faktisk, men eg skal sjølvsagt få med meg 50- og 30-kilometeren. Kvinnestafetten i dag vart nesten litt kjedeleg. "Vi" var rett og slett for gode... Men skal sjølvsagt ikkje klage. Det er berre litt meir sus over det når ein ser to idrettsutøvarar kjempe side om side, stake for livet, kjempande med "surmelk" i beina, medan vi som ser på held pusten, kjenner hjartet dunke hardt og innsida av hendene bli klamme - før vi utmatta av spenning og jublande glede kastar oss på golvet i stova vår eller hoppar i veret dersom vi er så heldige å vere der det skjer, samtidig som heltane våre stuper ned på bakken, hiv etter pusten og høyrer bruset frå tribunene. Då kjenner dei at det er verdt det! All treninga, forsakinga og smerta. Leve sporten, Norge og monarkiet! (Der fekk eg slått eit slag for kongehuset også!)


Eg synest skikongen er ganske pen, eg.

http://www.aftenposten.no/nyheter/kongelige/article4006998.ece


Gode kollegaer er gull verdt!

I går fekk eg ei melding frå Gry Anita, ein av mine gode kollegaer på Gjerdrum ungdomsskule (GUS): "... Savner deg på jobb! Jeg har en blomst til deg fra the dreamteam. Kan jeg stikke innom i morgen formiddag med den?" Eg sa ja, eg! Så no har eg hatt koseleg besøk i nesten ein time, og ein yndig dekorasjon står på bordet ved sidan av meg. Slikt varmar!

Gode kollegaer er gull verdt!



onsdag 2. mars 2011

Min første følgar!

Wow! Dette gjekk over all forventning! Eg har alt fått ein følgar! Hjarteleg velkomen, Bjørn Willy! Tusen takk for hyggelege kommentarar på Facebook også. No vart eg skikkeleg glad. Låg i natt og tenkte på kva i all verden eg skal skrive om, men eg har ikkje lova anna enn at eg skal dele meir eller mindre djupe tankar med dykk - om "ting", så då har eg eigentleg gjort det ganske enkelt for meg sjølv. I følge ulike kommentarar om det å skrive blogg, har eg likevel fått med meg at dersom ein blogg skal vere vellukka og interessant å lese, må det vere ein viss substans i innholdet, og kanskje helst eit tema for bloggen. Samtidig bør bloggaren skrive om noko ein meistrar. Eg har aldri hatt ekstremt mykje kunnskap innanfor eit spesielt emne, men min styrke er kanskje at eg har tankar om mange ting, om det eg til ei kvar tid høyrer eller les om. Eg har evne til å vise interesse for og engasjement innan ulike område. Når det er sagt, har eg faktisk nokre hjartesaker, og dei har eg tenkt å skrive om. Så kan det også hende, når eg tenkjer meg littegrann om, at eg tross alt er ekspert innanfor eitt, meget ekslusivt og svært interessant og fengande emne, nemleg.... MEG SJØLV!

Då ønskjer eg gamle (he-he) og nye lesarar ein god dag! Lukke til med det du skal gjere i dag. Hugs at du er uendeleg mykje verdt og at ingen er som du! Og, som Ellen DeGeneres seier: Be kind to each other!

Yours faithfully,
Marit

Oi! Eg må ha med eit bilete!

Dette er Ellen DeGeneres, amerikansk stand-up komikar, programleiar og skodespelar. Ho er født 26. januar 1958. No har ho eit veldig populært talk show som heiter The Ellen DeGeneres Show, rett og slett. Nesten litt sånn som denne bloggen kjem til å bli: The Marit Runde Waaler Show...



The reason why...

Facebook og http://kongla-ulsteinvik.blogspot.com/ er noko av grunnen til at eg no sit og skriv mitt første blogginnlegg, men eigentleg byrjar det jo lenge før det. Ein kan gå så langt tilbake i tid som ein vil eller som ein synest passar, og no passar det kanskje å seie at eg alltid har likt å skrive, og såleis er kanskje det den viktigaste grunnen til at eg gjer det eg gjer no. Det som gjer at eg kan gjere det eg gjer no, er at eg er lærar. Når ein er lærar, sit ein mykje stille og rettar. Mange dagar og helgar går med til dette. Når ein i tillegg skal førebu seg til undervisninga, følge opp elevar både seint og tidleg og når ein har familie, hus og heim, seier det seg sjølv at det blir lite tid til trening eller fysisk aktivitet. I alle fall er det slik for meg. Kombinasjonen av mykje stillesitijng, lite aktivitet + svake rygg-gener frå farssida, gjorde at eg vart sjukmeld den 25. januar med isjialgi som foreløpig - og etterkvart bekrefta - diagnose. Eller prolaps, for å vere meir nøyaktig, trur eg... Det er pappa som er "dokter", ikkje eg.

Når ein har fått eit "breidbasa" prolaps i ryggen, må ein ligge, og det har eg gjort. Eg har vore så mykje på FB som eg aldri har vore før, eg har styrt masse med husbygging, eg har funne ut at banken vi har fått lån i ikkje er nokon særleg god bank og at Utdanningsforbundet mest sannsynleg har dei rimelegaste forsikringane - noko skal ein jo ha igjen for alt slitet sitt, dersom ein FÅR forsikring, då... Dersom ein har vore sjukmeld nokre gonger eller på sjukehus, så er det nesten så ein kan bli sjukmeld berre av å skulle fylle inn søknaden om forsikring. Dei skal vite ALT, 10 år tilbake i tid! Eg HATAR spørjeskjema og søknadsskjema!

Well, innlegget heitte "the reason why", og no har eg fortalt grunnen til at også eg kastar meg uti bloggskrivinga. Er vel ikkje så truleg at nokon vil lese dette her, men det er ikkje så farleg. Eg har mange års erfaring med skriving utan nokon annan mottakar enn meg sjølv, og eg har i alle fall hatt stor glede av skriveriet mitt. Forskjellen no er at det faktisk er meininga at andre skal lese det eg skriv, så det må eg kanskje tenkje litt på. Det gjer eg no. Derfor skal eg avslutte dette første innlegget med å forklare lenka (trur det heiter lenke på nynorsk) eg byrja med. Jau, ein dag eg var på Facebook, kom eg over denne bloggen. Den er skriven av ein kjenning (er litt usikker på om eg kan kalle henne venninne) av meg, Aina Pauline Torvik. Ho er ei nydeleg jente med svært god estetisk sans. Eg har også sans for det vakre, så eg synest det var kjekt å sjå på alle dei fine bileta og tinga ho skriv om/viser på bloggen sin. Så, Aina, eg vart rett og slett inspirert av deg!

Eg har kalla bloggen min "Tynne og tjukke tankar om ting". Må eg forklare det?

For at ikkje dette BERRE skal bli tekst - det er jo kjedeleg - må eg nesten ta med eit bilete. Sidan denne bloggen vart unnfanga og fødd pga. jobben min, er det vel ikkje noko som høver betre enn eit bilete av meg utanfor Gjerdrum ungdomsskule?! Go GUS - og god betring til meg! God natt, kjære lesarar!