Har du nokon gong lurt på om du skal bli lærar, men er litt usikker på om dette yrket vil passe deg? No kan du få hjelp til å finne dette ut!
GNIST er namnet på eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet, Nasjonalt råd for lærerutdanning, Skolenes landsforbund, KS,
NHO, LO, Pedagogstudentene, Norsk Studentorganisasjon, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag og Norsk Skolelederforbund. På nettsidene til kampanjen deira kan du lese om læraryrket og utdanninga, og du kan ta ein ganske morsom test. Det er to strenge barn som stiller spørsmåla, og eg kan love deg at dei ikkje er til å spøke med. Lukke til med testen!
På dei same sidene kan du også høyre kva nokre lærarar, elevar, kunnskapsministeren og ein lærarstudent svarer på ulike spørsmål i tilknytning til læraryrket.
Her er ein smakebit. Den kjende "TV-læraren" Håvard Tjora fortel kva
han synest er det beste ved å vere lærar.
P.S. EG hadde det i meg - og godt er no det, sidan eg ER lærar! Ein annan gong skal eg fortelje kva som gjer at
eg trivest som lærar.