tirsdag 8. mars 2011

Gratulerer med dagen!

I dag er det 8. mars - så gratulerer med dagen, damer!

Eg har ikkje tenkt å reflektere eller klage over det faktum at vi framleis har ein kvinnedag, men berre godta at det er slik. Så kan vi glede oss over at vi er kvinner med alt det flotte det inneber! Eg må innrømme at eg til tider har ønska å vere mann. Når eg tenkjer meg om stemmer ikkje "til tider" heilt. Det var vel helst då eg var jente og kanskje tidleg i tenåra. Det verka liksom så enkelt å vere gut. Det var til dømes ikkje så farleg om ein hadde kviser. For meg, som var jente OG hadde kviser, var dette VELDIG farleg, og ganske traumatisk rett og slett. Dessutan var det ikkje så mange "reglar" for gutane. Vi jenter måtte oppføre oss fint, kle oss fint, sjå bra ut, og slik er det kanskje enno, når ein har vorte vaksen, meiner eg. Noko sanning er det i det i alle fall, eller kva tenkjer du?

Eg hugsar også at eg reagerte veldig på kor grådige og egoistiske gutar kunne vere. Eit døme på dette var dei gongane eg var på ulike leirar. Då vi skulle ete, storma gutane til bordet og forsynte seg grovt, tilsynelatande utan tanke for at det skulle vere nok til alle. Dette hugsar eg veldig godt. Ein annan ting eg framleis reagerer på er den ibuande sjølvsikkerheita gutar/menn ofte har. Eg veit sjølvsagt at dette ikkje gjeld for alle, men eg tenkjer likevel at menn, med større eller mindre grunn, har god sjølvtillit. Dei snakkar med overbevisning om ting dei nødvendigvis ikkje har så stor greie på. Det irriterer meg. Grunnen til det er sjølvsagt at eg ikkje har den evna. Eg føler ofte at eg knapt meistrar nokon ting. Det er i alle fall alltid nokon som er betre enn meg. Tenk å kunne vere Marit Bjørgen eller Therese Johaug, då! Best i verda... DET hadde vore noko det! No trur du kanskje at eg meiner det. Det er vel både sant og ikkje sant. Det eg skulle ønskje eg hadde, var normalt god sjølvtillit. Ei tru på meg sjølv som ikkje var så avhengig av det eg får til til ei kvar tid, eller som vippar opp og ned etter kva eg opplever at dei rundt meg tenkjer om meg. Eg er vel neppe den einaste som kjenner det slik, men det er typisk for oss menneske, og kanskje meir for kvinner enn menn, at vi trur at alle andre fiksar alt så mykje betre enn oss. I alle fall er det slik for meg, ofte. Ikkje alltid, heldigvis.

Men, i dag er det 8. mars... Tenk så heldige vi er som får føde barn! DET får ikkje mennene oppleve. Tenk kor heldige vi er (tja) som veit kva menn skal seie lenge før dei seier det... Tenk på kor vakre vi er. Deilige, mjuke. Tenk på omsorgsevna vår, på kapasiteten. Tenk på makta vi har over menn... Tenk på alt vi forstår!

However (eit svært praktisk og godt engelsk ord), når eg prøver å tenkje på kva det er som er spesielt bra med å vere kvinne, slår det meg at det faktisk ikkje er SÅ mykje som er typisk kvinne. Vi er så ulike! Nokre er slik, andre er slik. Kva tenkjer DU er den viktigaste skilnaden mellom menn og kvinner? Skriv ein kommentar, då vel!

Medan eg ventar på innspel frå mine intelligente lesarar, skal eg ha ein fin dag der eg gler meg over at eg er kvinne! Til slutt nokre sitat om det å vere kvinne og forskjellen mellom menn og kvinner:

Alle kvinner vet at en av de vanskeligste tingene i et hjem er en mann.

Min kraft, vitalitet og frekkhet skremmer meg. Jeg er en slik kvinne jeg ville rømt fra.

Vi kvinner prater mye, men likevel sier vi bare halvparten av det vi vet.
Nancy Astor
En dame bærer ikke klær. Hun tillater klær å bli båret av henne.
Det finnes bare én ting som menn kan, som kvinner ikke kan: pisse i leirbålet.
Skjønnheten har vi kvinner for at mennene skal elske oss, dumheten for at vi skal elske mennene.
Kvinner har bedre fantasi enn menn. Det trenger de for å fortelle oss hvor fantastiske vi er.
Kun to ting er nødvendig for å holde sin hustru glad. En ting er å la henne tro hun får viljen sin, og den andre tingen er å la henne få det.
GRATULERER MED DAGEN VÅR!! Klem frå den fantastiske og eineståande kvinna på biletet under ;-)

7 kommentarer:

Marit sa...

Må jo oppgi fotograf til biletet av meg! Jau, det er enten mamma eller pappa... :-)

Anonym sa...

Mange gode og morsomme sitat, men det eg kanskje likte best, var det av Roseanne Barr!

Elles Marit: Du veit vel om at du er verdifull? At du er viktig her og no? At du er elska for di eiga skuld, at ingen annan er som du!
Vi er jo skapte i Guds bilete, tenk det, - både menn og kvinner, skapt ulike, skapt til å utfylle kvarandre, skapt til å elske kvarandre. Det er det som betyr mest! Sjølvsagt er vi kvinner like bra og like verdifulle som menn! Alltid! Hugs det! Gratulerer med dagen! Klem frå ei som elskar deg,- og du skjønar nok kven!

Anonym sa...

Viss det kan hjelpe, så framstår det i alle fall som om du er utrusta med "normalt god sjølvtillit"! Noko det også er all grunn til:)

http://www.youtube.com/watch?v=03zims6mOTo

M.R.

Gnistre™ sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Meir enn tusen ord sa...

Takk for mange fine tilbakemeldingar på bloggen min! Veldig kjekt og motiverande.

(er eg som har sletta kommentaren min, var visst pålogga med feil konto).

:)

Åpent^hus sa...

for et fint innlegg og for noen herlige sitater du har tatt med!
til å bli glad av.
og optimistisk på oss kvinners vegne! :)

håper du har hatt en fin søttenden

-Åpent hus

Villblomsten sa...

Godt nyttår :-)

+ jeg ville bare informere om
at Barneboden fortsetter med NY trekning av GAVEKORT HVER mnd også i 2012 :-)
og om du ikke har lagt deg til som følger allerede ?
så er det nå mulig , så du kan få med deg alle Gavekort-trekningene :-)