torsdag 16. mars 2023

Naturens kunstverk

Kjære lesarar,

Guess what?! I'm back - again!! Du skjønar, for det første var det veldig gøy å skrive igjen, for det andre er det veldig morsomt og oppmuntrande å få hyggelege tilbakemeldingar, og for det tredje hadde eg veldig lyst å dele noko vakkert og overraskande eg såg då eg skulle lukke det vindauget som har stått ope i natt. 

Grunnen til at eg ikkje hadde sett dette vakre og overraskande før, er at vi ganske nettopp har byrja med å sove med ope vindauge om vinteren. Dermed har eg ikkje hatt sjansen til å oppleve dette før no. For ikkje å halde dykk på pinebenken noko særleg lenger, skal de få sjå kva eg såg:





Er det ikkje vakkert? Eit naturens under - og kunst som dukkar opp "heilt av seg sjølv". For meg som er kristen og som trur på ein skapar, er dette noko som talar for at Gud finst. Det er derfor eg set hermeteikn rundt "heilt av seg sjølv". Snøkrystallar er for utrulege til det. Om du trur på Gud eller ikkje, trur eg dei fleste kan vere einige i at det er ganske fantastisk at slike fenomen oppstår. Det var strengt tatt ikkje meininga at dette skulle vere eit innlegg som skulle "bevise" Guds eksistens, så eg skal ikkje skrive meir om det akkurat no. Poenget var å dele noko vakkert med dykk.

Då eg i byrjinga av innlegget skreiv at det var første gongen eg hadde sett dette, og at grunnen var at vi akkurat hadde byrja å sove med vindauget ope, dukka ein tanke opp i hovudet mitt. Det blir jo ofte sagt at når ei dør vert lukka, opnar det seg ei ny dør og nye moglegheiter kjem til syne. I mitt tilfelle var det på ein måte omvendt: Vi (eller rettare sagt Benjamin, guten min) opna vindauget på kvelden, og då eg skulle lukke det, openberra det seg noko nytt for meg. 

Kvifor fortel eg dette, då? Du har kanskje alt tenkt på det, men eg må jo seie det likevel. Vi er jo ofte redde for å prøve nye ting, for vi kjenner ikkje konsekvensane, vi veit ikkje kva som kjem til å skje. Det er utrygt, vi kan bli skuffa, tape ansikt, oppleve å mislukkast - ja, det er ikkje måte på kor mange skrekkscenarier vi kan kome på når det gjeld det å våge noko nytt. Sjølvsagt kan det vere at det vi fryktar skjer, men kva om noko positivt kan skje? Kva om du får sjå noko vakkert slik som eg fekk? Kva om du får ei god oppleving? Kanskje du kan tore å sove med ope vindauge du også? Kanskje du ikkje blir forkjøla slik som eg frykta eg kunne bli? Det er verdt å prøve. Ei forkjøling går jo over, og kven veit, kanskje det til og med kan kome noko godt ut av det også? Aldri så gale at det ikkje er godt for noko!

Lukke til med å opne vindauget!

Eg ønskjer deg ein god dag!

Klem frå Marit

onsdag 15. mars 2023

I'm back!

Kjære lesarar,

"Eg er ei jente som har levd ei stund (nærmar meg 40). I løpet av denne tida har eg tenkt nokre millionar tankar, for vi tenkjer visst fleire tusen om dagen. I denne bloggen ønskjer eg å dele nokre av tankane mine med dei som måtte finne det interessant eller underhaldande. Eg gjer nok dette først og fremst for meg sjølv, men det hadde sjølvsagt vore fint om eg kunne skrive noko som folk kunne kjenne seg igjen i, lære noko eller bli utfordra av. Vi får sjå. Welcome into my mind!"

Slik introduserte eg meg då eg starta denne bloggen i 2011. No, 12 år etterpå, må eg endre LITT av dette, men eigentleg berre det at eg nærmar meg 40. NO er det 50 eg nærmar meg... Har framleis litt over to år igjen før eg når nok ein milepæl i livet, eit av desse åra der det er tiarplassen som endrar seg. For meg har det tiåret eg skal inn i ei litt spesiell betydning. Mi kjære mor har sagt at det var først då ho var rundt 50 ho følte at ho hadde vorte skikkeleg vaksen, eller skikkeleg trygg i seg sjølv. Det eg håper på, er at eg skal kunne seie det samme... Med mine snart 48 år, burde eg jo vere vaksen. Men så er jo spørsmålet, kva vil det seie å vere vaksen? Eg gjer jo mange vaksenting: Eg har ein jobb, eg klarer å ta meg av barna mine, eg betalar rekningane mine i tide (i alle fall i all hovudsak - det hender jo at det glepp av og til, men framleis ikkje noko inkassokrav), eg skriv julekort, eg kan å vaske klede, hus og lage sånn passe god mat (no har eg til og med laga rødkål til julemiddagen frå scratch). Det var det eg kom på i farta. Eg synest også eg er ganske klok, og ein skal jo bli klokare med åra, ikkje sant? MEN, inni meg, DER føler eg meg ikkje så vaksen alltid, i alle fall ikkje dersom det å vere vaksen handlar om å vere trygg på og i seg sjølv. Eg er redd for/lurer ofte på kva andre tenkjer om meg, eg kan føle meg dum, eg blir lett såra, eg kan vere pysete og ikkje tørre å seie kva eg meiner - i alle fall ikkje til folk eg ikkje kjenner så godt - eg kan lett bli sint og overreagere. Alt dette prøver eg å jobbe med, og eg er ganske god til å vurdere meg sjølv og det eg gjer. Eg er klar over dei fleste feila mine, men det er jammen ikkje like lett å gjere noko med dei. Ein blir jo aldri "perfekt", men det er nok ikkje meininga heller. Det handlar kanskje meir om å akseptere seg sjølv slik ein er, samtidig som ein sjølvsagt kan prøve å få til ting betre - til dømes å bli mindre sint når ungane mine blir sinte over det eg ser på som filleting.

Det eg har sagt til meg sjølv nokre gonger, er at eg ikkje er vaksen før eg klarer å legge meg tidsnok/få nok søvn på jamn basis + at det hadde vore fint for sjølvkjensla/stressnivået (og for andre rundt meg) at eg alltid var ute i god tid... Eg jobbar med begge måla (for dette er faktisk to av måla mine innan personleg utvikling/det å bli/føle meg vaksen), men korleis måloppnåelsen (som vi snakkar om i skulen) blir når livet går mot slutten, er eg jammen ikkje sikker på. Men prosessen og innsatsen er vel forhåpentleg det viktigaste, i alle fall må det telle på denne karakteren, så då får det heller "briste og bære" dersom eg ikkje oppnår høg måloppnåelse...

Ja, ja. Det var jo eigentleg ikkje DETTE eg hadde tenkt å skrive om akkurat i dag, men eg synest eg måtte skrive litt om at tida hadde gått sidan sist - og då var det slik det endte. Akkurat no må eg tenkje meg om for å kome på kva eg faktisk hadde tenkt å dele med dykk, men eg har jo ein passe god hukommelse og ein brønn av tankar å ause av, så det blir nok ei råd med det! Vi får sjå om det blir i dag, i morgon eller om fem år, for eg må få gjort litt vaksenting no... I mellomtida kan eg anbefale å lytte til Kristin Marie Hjele sin podcast, Psykt herlig med Marie. Denne flotte dama møtte eg i fjor haust. Då byrja vi begge to som leiarar på Knutepunktet, eit av Evangeliehuset sine tilbod for barn. Ho har ikkje lagt ut så mange episoder enno, men det kjem forhåpentlegvis fleire. Marie (som ho kallar seg) har inspirert meg til å tørre å skrive igjen, til å dele mine tankar om ting. Ho er modig, og det vil eg også vere. Ho har ikkje bedt meg om å anbefale podcasten, berre så det er sagt (ikkje at det hadde vore noko gale i det), men det ho fortel, berører meg, og då kan det hende at andre kan bli berørt også.

Klem og gode tankar til deg som har lese nokre av mine tankar i dag! 💗

Nokre bilete frå telefonen min som seier litt om livet mitt akkurat no (og litt om dagens teknologi som gjer det mogleg for oss å få eit glimt av himmel - bokstavleg talt):

Eg har lenge hatt lyst til å lære meg spansk, så då eg i haust vart sett til å vere hjelpelærar i spansk, fekk ei ypperlig anledning til det! No kosar eg meg saman med lærar Arlanda frå Guatemala, og andre meir eller mindre interesserte elevar. Målet mitt er å bli Arlanda sin beste elev... 

Eg måtte krype til korset og skaffe meg briller...
Elles er eg veldig opptatt av å ha matchande veske til toaletta på Jessheim storsenter...

Tenk at det er mogleg å ta bilete av Karlsvogna med ein mobiltelefon!!

Dagens frokost. Mor et opp skalkane som ingen andre vil ha... Den med leverpostei er ei "normal" skive... Og NO kom eg på kva eg eigentleg skulle skrive om i dag: Nemleg pannekaker, ei feilvurdering og eit vellukka forsøk på å gjere opp for ei av gårsdagens synder... Dersom du har lyst, kan du prøve å skrive ein "stil" med dette som overskrift! Legg ved link til teksten din i kommentarfeltet, eller skriv ein kommentar der du prøver å gjette deg til kva som skjedde i går då eg hadde lovt Benjamin pannekaker til niste...