fredag 8. mars 2024

Blir det for mykje for oss?

Ein av fordelane med å ha ein blogg som ikkje er meir pretensiøs enn at tittelen signaliserer at lesaren blir presentert for tankar, er at tankar ikkje treng å vere veldig ryddig presentert. Strukturen i teksten treng ikkje å vere så tydeleg - sjølv om det sjølvsagt er ein fordel dersom folk skal få tak i innholdet på enklast mogleg måte - for tankane våre er jo veldig flyktige og spring frå det eine til det andre. Slik er det i alle fall for meg. Eg HAR jo mange tankar om ting - derav tittelen - og eg må seie at eg er veldig fornøgd med han! Det var EIN tanke. Sjølvsagt var det ikkje dette eg skulle skrive om... Men det var jo ein tanke som dukka opp då eg bekymra meg for at innlegget ville bli veldig rotete sidan det var så mange tankar som dukka opp etter at eg hadde tenkt den første - som eg forøvrig har tenkt mange gongar før. Ja, ja. Nok ein gong velkomen inn i mi tankeverd! 😁

Vi har eit hus med mange vindu. Det gjer at vi har god utsikt over gata vi bur i. Her bur ikkje veldig mange folk, men dei som bur her, går jo stadig forbi. I dag såg eg ein av våre hyggelege naboar gå forbi, ein av ungdomane som bur her. Ho var på veg til skulen. Det eg la merke til - og som eg stadig vekk ser, overalt - var det kvite som delvis skjulte seg i øyret; earpods, eller iPods, ganske sikkert. Eit svært vanleg syn. Andre gonger er denne innretninga endå meir synleg. Då dekkjer den begge øyrene og har eit breidt band som går over hovudet, som ei bru mellom to øyer; stereo må det vere. Det kan også hende at innretninga er så fancy at ho har ein eigenskap som gjer at lyden utanfor dette vesle universet blir dempa. Inntrykka vi ville fått utan innretninga blir altså meir eller mindre stengd ute. DER er vi ved sakens kjerne! Blir det for mykje for oss? Har verda blitt for vanskeleg å forholde seg til? Har vi ikkje tid til å vere åleine - åleine - og ikkje saman med andre? Kvifor går søsken til bussen, kvar i si eiga verd, med lyd i øyrene eller nasa i telefonen? Kvifor ventar klassekameratar på bussen med blikket festa på den lysande skjermen dei har i handa, eller ned, ut eller bort ikledd øyer samanbundne av bruer? Kvifor kunne ikkje bruene gått mellom menneska? Kvifor ser vi ikkje på kvarandre? Ler saman av det vi seier til kvarandre, som vi kjem på sjølv, eller deler inntrykk av det vi ser rundt oss, "in real life". Kvifor er digitalt, virtuelt og KI meir spennande?

Dette innlegget skreiv eg den 31.8.23, men eg publiserte det ikkje. Tenkte kanskje at eg ikkje var ferdig, eller at eg skulle svare på mine eigne spørsmål. Men det skal eg ikkje gjere. Eg slenger innlegget ut no. Trur ikkje det har gått ut på dato, dessverre...

SJÅ nokon i dag!

God helg!

P.S. På mi FB-side (og kanskje her i bloggen også?) står det eit sitat av Walt Whitman: Do I contradict myself? Very well then I contradict myself, (I am large, I contain multitudes.) Den oppmerksame lesar forstår kvifor eg skriv dette...








Biletet er generert med kunstig intelligens ∙ 8. mars 2024 kl. 1:41 p.m.


Ingen kommentarer: