Viser innlegg med etiketten Estetikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Estetikk. Vis alle innlegg

torsdag 16. mars 2023

Naturens kunstverk

Kjære lesarar,

Guess what?! I'm back - again!! Du skjønar, for det første var det veldig gøy å skrive igjen, for det andre er det veldig morsomt og oppmuntrande å få hyggelege tilbakemeldingar, og for det tredje hadde eg veldig lyst å dele noko vakkert og overraskande eg såg då eg skulle lukke det vindauget som har stått ope i natt. 

Grunnen til at eg ikkje hadde sett dette vakre og overraskande før, er at vi ganske nettopp har byrja med å sove med ope vindauge om vinteren. Dermed har eg ikkje hatt sjansen til å oppleve dette før no. For ikkje å halde dykk på pinebenken noko særleg lenger, skal de få sjå kva eg såg:





Er det ikkje vakkert? Eit naturens under - og kunst som dukkar opp "heilt av seg sjølv". For meg som er kristen og som trur på ein skapar, er dette noko som talar for at Gud finst. Det er derfor eg set hermeteikn rundt "heilt av seg sjølv". Snøkrystallar er for utrulege til det. Om du trur på Gud eller ikkje, trur eg dei fleste kan vere einige i at det er ganske fantastisk at slike fenomen oppstår. Det var strengt tatt ikkje meininga at dette skulle vere eit innlegg som skulle "bevise" Guds eksistens, så eg skal ikkje skrive meir om det akkurat no. Poenget var å dele noko vakkert med dykk.

Då eg i byrjinga av innlegget skreiv at det var første gongen eg hadde sett dette, og at grunnen var at vi akkurat hadde byrja å sove med vindauget ope, dukka ein tanke opp i hovudet mitt. Det blir jo ofte sagt at når ei dør vert lukka, opnar det seg ei ny dør og nye moglegheiter kjem til syne. I mitt tilfelle var det på ein måte omvendt: Vi (eller rettare sagt Benjamin, guten min) opna vindauget på kvelden, og då eg skulle lukke det, openberra det seg noko nytt for meg. 

Kvifor fortel eg dette, då? Du har kanskje alt tenkt på det, men eg må jo seie det likevel. Vi er jo ofte redde for å prøve nye ting, for vi kjenner ikkje konsekvensane, vi veit ikkje kva som kjem til å skje. Det er utrygt, vi kan bli skuffa, tape ansikt, oppleve å mislukkast - ja, det er ikkje måte på kor mange skrekkscenarier vi kan kome på når det gjeld det å våge noko nytt. Sjølvsagt kan det vere at det vi fryktar skjer, men kva om noko positivt kan skje? Kva om du får sjå noko vakkert slik som eg fekk? Kva om du får ei god oppleving? Kanskje du kan tore å sove med ope vindauge du også? Kanskje du ikkje blir forkjøla slik som eg frykta eg kunne bli? Det er verdt å prøve. Ei forkjøling går jo over, og kven veit, kanskje det til og med kan kome noko godt ut av det også? Aldri så gale at det ikkje er godt for noko!

Lukke til med å opne vindauget!

Eg ønskjer deg ein god dag!

Klem frå Marit

onsdag 2. mars 2011

The reason why...

Facebook og http://kongla-ulsteinvik.blogspot.com/ er noko av grunnen til at eg no sit og skriv mitt første blogginnlegg, men eigentleg byrjar det jo lenge før det. Ein kan gå så langt tilbake i tid som ein vil eller som ein synest passar, og no passar det kanskje å seie at eg alltid har likt å skrive, og såleis er kanskje det den viktigaste grunnen til at eg gjer det eg gjer no. Det som gjer at eg kan gjere det eg gjer no, er at eg er lærar. Når ein er lærar, sit ein mykje stille og rettar. Mange dagar og helgar går med til dette. Når ein i tillegg skal førebu seg til undervisninga, følge opp elevar både seint og tidleg og når ein har familie, hus og heim, seier det seg sjølv at det blir lite tid til trening eller fysisk aktivitet. I alle fall er det slik for meg. Kombinasjonen av mykje stillesitijng, lite aktivitet + svake rygg-gener frå farssida, gjorde at eg vart sjukmeld den 25. januar med isjialgi som foreløpig - og etterkvart bekrefta - diagnose. Eller prolaps, for å vere meir nøyaktig, trur eg... Det er pappa som er "dokter", ikkje eg.

Når ein har fått eit "breidbasa" prolaps i ryggen, må ein ligge, og det har eg gjort. Eg har vore så mykje på FB som eg aldri har vore før, eg har styrt masse med husbygging, eg har funne ut at banken vi har fått lån i ikkje er nokon særleg god bank og at Utdanningsforbundet mest sannsynleg har dei rimelegaste forsikringane - noko skal ein jo ha igjen for alt slitet sitt, dersom ein FÅR forsikring, då... Dersom ein har vore sjukmeld nokre gonger eller på sjukehus, så er det nesten så ein kan bli sjukmeld berre av å skulle fylle inn søknaden om forsikring. Dei skal vite ALT, 10 år tilbake i tid! Eg HATAR spørjeskjema og søknadsskjema!

Well, innlegget heitte "the reason why", og no har eg fortalt grunnen til at også eg kastar meg uti bloggskrivinga. Er vel ikkje så truleg at nokon vil lese dette her, men det er ikkje så farleg. Eg har mange års erfaring med skriving utan nokon annan mottakar enn meg sjølv, og eg har i alle fall hatt stor glede av skriveriet mitt. Forskjellen no er at det faktisk er meininga at andre skal lese det eg skriv, så det må eg kanskje tenkje litt på. Det gjer eg no. Derfor skal eg avslutte dette første innlegget med å forklare lenka (trur det heiter lenke på nynorsk) eg byrja med. Jau, ein dag eg var på Facebook, kom eg over denne bloggen. Den er skriven av ein kjenning (er litt usikker på om eg kan kalle henne venninne) av meg, Aina Pauline Torvik. Ho er ei nydeleg jente med svært god estetisk sans. Eg har også sans for det vakre, så eg synest det var kjekt å sjå på alle dei fine bileta og tinga ho skriv om/viser på bloggen sin. Så, Aina, eg vart rett og slett inspirert av deg!

Eg har kalla bloggen min "Tynne og tjukke tankar om ting". Må eg forklare det?

For at ikkje dette BERRE skal bli tekst - det er jo kjedeleg - må eg nesten ta med eit bilete. Sidan denne bloggen vart unnfanga og fødd pga. jobben min, er det vel ikkje noko som høver betre enn eit bilete av meg utanfor Gjerdrum ungdomsskule?! Go GUS - og god betring til meg! God natt, kjære lesarar!