fredag 4. mars 2011

Har du det i deg?

Har du nokon gong lurt på om du skal bli lærar, men er litt usikker på om dette yrket vil passe deg? No kan du få hjelp til å finne dette ut! GNIST er namnet på eit femårig samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, Utdanningsforbundet, Nasjonalt råd for lærerutdanning, Skolenes landsforbund, KS, NHO, LO, Pedagogstudentene, Norsk Studentorganisasjon, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag og Norsk Skolelederforbund. På nettsidene til kampanjen deira kan du lese om læraryrket og utdanninga, og du kan ta ein ganske morsom test. Det er to strenge barn som stiller spørsmåla, og eg kan love deg at dei ikkje er til å spøke med. Lukke til med testen!
Har du det i deg?
På dei same sidene kan du også høyre kva nokre lærarar, elevar, kunnskapsministeren og ein lærarstudent svarer på ulike spørsmål i tilknytning til læraryrket.

Her er ein smakebit. Den kjende "TV-læraren" Håvard Tjora fortel kva han synest er det beste ved å vere lærar.

P.S. EG hadde det i meg - og godt er no det, sidan eg ER lærar! Ein annan gong skal eg fortelje kva som gjer at eg trivest som lærar.

3 kommentarer:

ANNEPÅLANDET sa...

Hei!
Har problemer med kommentarfeltet ditt.
Har skrevet en lang forklaring til spørsmålet ditt to ganger - for så å se at alt forsvinner.
Har du en epostadresse jeg kan sende det til i stedet?

Lillian Risholm sa...

Hei! takk for kommentar i bloggen min! jeg tok foressten denne lærertesten jeg og og har det visst i meg jeg og. heldigvis siden jeg også er lærer! :) koselig og interessant blogg du har!

Marit sa...

Hei Annepålandet!
Tusen takk for at du har tatt deg tid til å svare meg, men så utruleg synd at kommentarfeltet sløsa med tida di! Det var dumt!! Du kan sende forklaring - viss du orkar å gjere det ein gong til... - til marit_den_runde@hotmail.com

TUSEN HJARTELEG TAKK!!

Hei Lillis!
Takk for veldig hyggeleg kommentar! Veldig kjekt med tilbakemelding! No vart eg glad!

Klem frå Marit