onsdag 2. mars 2011

Min første følgar!

Wow! Dette gjekk over all forventning! Eg har alt fått ein følgar! Hjarteleg velkomen, Bjørn Willy! Tusen takk for hyggelege kommentarar på Facebook også. No vart eg skikkeleg glad. Låg i natt og tenkte på kva i all verden eg skal skrive om, men eg har ikkje lova anna enn at eg skal dele meir eller mindre djupe tankar med dykk - om "ting", så då har eg eigentleg gjort det ganske enkelt for meg sjølv. I følge ulike kommentarar om det å skrive blogg, har eg likevel fått med meg at dersom ein blogg skal vere vellukka og interessant å lese, må det vere ein viss substans i innholdet, og kanskje helst eit tema for bloggen. Samtidig bør bloggaren skrive om noko ein meistrar. Eg har aldri hatt ekstremt mykje kunnskap innanfor eit spesielt emne, men min styrke er kanskje at eg har tankar om mange ting, om det eg til ei kvar tid høyrer eller les om. Eg har evne til å vise interesse for og engasjement innan ulike område. Når det er sagt, har eg faktisk nokre hjartesaker, og dei har eg tenkt å skrive om. Så kan det også hende, når eg tenkjer meg littegrann om, at eg tross alt er ekspert innanfor eitt, meget ekslusivt og svært interessant og fengande emne, nemleg.... MEG SJØLV!

Då ønskjer eg gamle (he-he) og nye lesarar ein god dag! Lukke til med det du skal gjere i dag. Hugs at du er uendeleg mykje verdt og at ingen er som du! Og, som Ellen DeGeneres seier: Be kind to each other!

Yours faithfully,
Marit

Oi! Eg må ha med eit bilete!

Dette er Ellen DeGeneres, amerikansk stand-up komikar, programleiar og skodespelar. Ho er født 26. januar 1958. No har ho eit veldig populært talk show som heiter The Ellen DeGeneres Show, rett og slett. Nesten litt sånn som denne bloggen kjem til å bli: The Marit Runde Waaler Show...



6 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Marit! No heve mamma og eg fiiinlest blogginnlegga dine! Spanande at du har byrja med ditte. Ser fram åt tynne og tjukke tankar frå Gjerdrum. Vi ynskjer deg lukke til! Kan du gjette kven ditte e? ;)

Dagrun sa...

Nå har du en følger til! :)

Marit sa...

Hei Anonym, eller Marie og tante Liv?? Eller er eg på jordet...?

Velkomen skal du vere, Dagrun! Ikkje verst med to følgarar på så kort tid! Kvar skal dette ende?!? ;-)

Anonym sa...

Ikkje Marie eller tante Liv, nei:) Tenkte litt på Åsfrid, men trur kanskje ho hadde formulert seg litt annleis?

Marie

Anonym sa...

Hei, Marit, får eg lov til å bli følgjar? Eg prøver ..... Stor klem frå mamma!
PS: No har eg lese det du har skrive hittil, og dette ser veldig bra ut! Men blogginga kjem nok til å ta ein brå slutt når du blir frisk igjen og tek til i jobb, for då blir det ikkje mykje tid til overs ... Då får du heller satse på fysisk trening for å motvirke meir ryggplager!

Marit sa...

He-he, mamma! Den tanken har eg nok alt tenkt, ja. Som eg skriv i omtalen om meg sjølv, er eg jo eigentleg sporty, dvs. glad i all form for aktivitet, og no burde eg ha forstått at eg MÅ prioritere dette. Har også tenkt at eg kan bruke bloggen til avreagering dersom det er noko som frustrerer eller opprører meg og til å dele gleder. Då vil dette bli noko positivt for meg. Eg skal aldri få dårleg samvit dersom det går lang tid mellom to blogginnlegg!

Elles ser det ikkje ut som du klarte å bli følgar. Du har kanskje funne ut at du må opprette ein profil først? Trur eg då i alle fall. Det er ikkje noko skummelt... ;-)

Ha ein fin dag, kjære, snille og gode mamma mi!