torsdag 16. mars 2023

Naturens kunstverk

Kjære lesarar,

Guess what?! I'm back - again!! Du skjønar, for det første var det veldig gøy å skrive igjen, for det andre er det veldig morsomt og oppmuntrande å få hyggelege tilbakemeldingar, og for det tredje hadde eg veldig lyst å dele noko vakkert og overraskande eg såg då eg skulle lukke det vindauget som har stått ope i natt. 

Grunnen til at eg ikkje hadde sett dette vakre og overraskande før, er at vi ganske nettopp har byrja med å sove med ope vindauge om vinteren. Dermed har eg ikkje hatt sjansen til å oppleve dette før no. For ikkje å halde dykk på pinebenken noko særleg lenger, skal de få sjå kva eg såg:





Er det ikkje vakkert? Eit naturens under - og kunst som dukkar opp "heilt av seg sjølv". For meg som er kristen og som trur på ein skapar, er dette noko som talar for at Gud finst. Det er derfor eg set hermeteikn rundt "heilt av seg sjølv". Snøkrystallar er for utrulege til det. Om du trur på Gud eller ikkje, trur eg dei fleste kan vere einige i at det er ganske fantastisk at slike fenomen oppstår. Det var strengt tatt ikkje meininga at dette skulle vere eit innlegg som skulle "bevise" Guds eksistens, så eg skal ikkje skrive meir om det akkurat no. Poenget var å dele noko vakkert med dykk.

Då eg i byrjinga av innlegget skreiv at det var første gongen eg hadde sett dette, og at grunnen var at vi akkurat hadde byrja å sove med vindauget ope, dukka ein tanke opp i hovudet mitt. Det blir jo ofte sagt at når ei dør vert lukka, opnar det seg ei ny dør og nye moglegheiter kjem til syne. I mitt tilfelle var det på ein måte omvendt: Vi (eller rettare sagt Benjamin, guten min) opna vindauget på kvelden, og då eg skulle lukke det, openberra det seg noko nytt for meg. 

Kvifor fortel eg dette, då? Du har kanskje alt tenkt på det, men eg må jo seie det likevel. Vi er jo ofte redde for å prøve nye ting, for vi kjenner ikkje konsekvensane, vi veit ikkje kva som kjem til å skje. Det er utrygt, vi kan bli skuffa, tape ansikt, oppleve å mislukkast - ja, det er ikkje måte på kor mange skrekkscenarier vi kan kome på når det gjeld det å våge noko nytt. Sjølvsagt kan det vere at det vi fryktar skjer, men kva om noko positivt kan skje? Kva om du får sjå noko vakkert slik som eg fekk? Kva om du får ei god oppleving? Kanskje du kan tore å sove med ope vindauge du også? Kanskje du ikkje blir forkjøla slik som eg frykta eg kunne bli? Det er verdt å prøve. Ei forkjøling går jo over, og kven veit, kanskje det til og med kan kome noko godt ut av det også? Aldri så gale at det ikkje er godt for noko!

Lukke til med å opne vindauget!

Eg ønskjer deg ein god dag!

Klem frå Marit

3 kommentarer:

Marie sa...

Elsker at du har så mange like synspunkter som meg. Det er godt å kjenne seg igjen 🥰 Og jeg er så enig i det du skriver! Jeg heier på å prøve så mye som mulig, nytt 🫶🏻 Også gleden vi dekker over de «små» ting, som egentlig er ganske så enorme kunstverk 🥰

Marie sa...

Gleden vi deler*

Marit sa...

Takk, Marie, for at du kommenterer! Det set eg stor pris på. Det er alltid kjekt med tilbakemeldingar. 😊